Asbjørn Aarnes ville fylt 100

Asbjørn Aarnes (1923–2013)var skribent i Dag og Tid i åtte år.
Asbjørn Aarnes (1923–2013)var skribent i Dag og Tid i åtte år.
Publisert

Fredag 12. februar 2005 dukka det opp ei lita spalte i Dag og Tid kalla «Så sant som det er sagt», med små stubbar om heimbygda og menneske skribenten hadde møtt. Fyrste teksten handla om to brør som ikkje nett var gode vener, og som enda med å låsa att vassbrunnen for kvarandre. Mannen bak spalta var litteraturvitaren og tidlegare preses i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, Asbjørn Aarnes.

Spalta vart ein stor suksess. Då tekstane kom ut som bok med tittelen Råka av røyndom, fekk ho strålande mottaking. «Bokhøstens aller største sensasjon», skreiv Tore Rem i Dagbladet.

I desse tider høver det òg å sitera Jon Fosse, som skreiv etterord i den andre boka med Aarnes-tekstar: «Desse stubbane har for meg vorte det fyrste eg les i avisa.»

Sogestubbane til Aarnes vart avløyste av spalta «Diktet», som han og Jan Erik Vold sette i gang. Eit godt dikt for Aarnes var «sjølvforklarande». Det måtte vera av eit slikt slag at det ikkje kunne tolkast eller seiast på ein annan måte enn det som står i diktet.

Aarnes var streng. Fleire av dikta til Olav H. Hauge, som dei om sagi, hoggestabben og katten, hadde for mykje prat og forteljing som ein kan drøyma vidare på. Det var ikkje dårlege dikt, men dei store dikta til Hauge var for Aarnes dikt «Gullhanen» og «Gartnaren drøymer». Dikt som ikkje var til å rikka.

Aarnes’ eigne tre diktfavorittar var «Den Salige» av Johan Sebastian Welhaven, «Til son min» av Olav Nygard og «Sommeren vesterut» av Claes Gill.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement