Teater
Arthur Miller slår ikkje feil
Ei smertefull erkjenning gjer framleis inntrykk i 50-talsklassikar.
Ensemblet leverer til truande. F.v. Kyrre Eikås Ottersen, Joakim Thrane, Torgeir Reiten, Idun Losnegård og Reidun Melvær Berge.
Foto: Espen Nyttingnes / Rakkar
Det er faktisk stendig sjeldnare institusjonsteatera gjev seg i kast med nyklassikarane, desse stykka som forma den vestlege teaterkulturen i det tjuande hundreåret. Når dei stundom gjer det, er det oftast som dei ikkje heilt får det til. TV-mediet har vorte ein farleg konkurrent for teateret i det å formidle realistisk fiksjon, og da synest nok teateret dei må søke mot ei anna uttrykksform enn den ramt realistiske.
Problemet er at det fungerer sjeldan på desse sterke skodespela som vart skrivne i etterkrigstida. Det er som regel den konkrete, tidsbundne miljøkoloritten som er sjølve sjela i denne dramatikken. I alle høve er det sånn fatt med skodespelet Frakt under havet av Arthur Miller. Det har Teater Vestland og regissøren Bentein Baardson teke konsekvensen av. Og vi må faktisk seie: heldigvis.
Aktuelt
Men forresten, miljø og miljø, i scenografi og kostyme er fortidskoloritten heller diskré markert i denne framsyninga. Men tempo, stemning og spelestil plasserer likevel stykket fort der det høyrer heime, i eit storbytungt USA for nokre generasjonar sidan. Problematikken lovleg og ulovleg innvandring er jo for eit norsk publikum berre mykje meir aktuelt og gjenkjenneleg enn for vel seksti år sidan, da dette stykket hadde noregspremiere.
Tabuemnet incest var i tillegg noko ein knapt hadde ord for i førre generasjon. Og historia om Eddie, den slitne, mellomaldrande bryggjesjauaren som er fordekt forelska i niesa si, og dødeleg sjalu på Rodolpho, hennar utvalde, har ikkje mindre brennbar appell enn på 50-talet. Dette uavvendelege lagnadsdramaet har då Arthur Miller forma nærast som ein klassisk gresk tragedie, med eit kommenterande kor (advokaten Alfieri) som både kommenterer, åtvarar og konkluderer. Han opptrer både i såkalla real time og i epilogisk ettertid. På eit underleg vis er det òg mest som alle personane i handlinga veit, undermedvite, at dei går mot ein katastrofe.
Til truande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.