Film

Årsbeste frå Håkon

Fleire av dei beste filmane på kino i år var friske pust.

Kristine Kujath Thorp og Nader Khademi spelar godt i ein av årets beste norske filmar.
Kristine Kujath Thorp og Nader Khademi spelar godt i ein av årets beste norske filmar.
Publisert

Gullpalmevinnar Titane stadfestar Julia Ducournau som rebellen i fransk film. Rått, grenseoverskridande, stilfullt, provoserande og skrekkeleg effektfullt. Gullbjørnen i Berlin gjekk til den rumenske provokatøren Radu Jude for Bad Luck Banging or Loony Porn, som opnar med det som ser ut som ein lang heimespøta sexvideo, før dei flauaste foreldremøtet i skule- og filmhistoria. Dei to vinnarane deler smarte perspektiv på kjønn og kvinneroller. Rumensk film er stabilt imponerande, som eit Europas Iran.

Iranske Mohammad Rasoulof vann Gullbjørnen i 2020 med Det finnes ingen djevel, mot viljen til styresmaktene i heimlandet. Regissøren sit i husarrest, men har laga ein slåande smart og sterk film om dødsstraff. Mildare kritikk finn vi i årets beste film frå eit anna stort filmland, USA, i Oscar-vinnar Nomadland av Chloé Zhao. Frances McDormand briljerer som lausarbeidar blant glade amatørskodespelarar i tråd med stilen til Zhao.

Ingen i USA gjer slikt betre. Gjæve europeiske prisar gjekk til kruttønna Quo vadis, Aida? av bosniske Jasmila Zbanic. Det finst ingen heltar i hennar skildring av hendingane i Srebrenica i 1995. Apatiske FN og blodtørstige Ratko Mladic får passet sitt påskrive.

Til å grine av

Apropos folkemord var den beste krigsfilmen i år stillfarne Natural Light av Dénes Nagy frå Ungarn. Nydeleg foto, subtilt skodespel og umogelege dilemma sikrar ei storslagen filmoppleving om tyskallierte soldatar på partisanjakt. Meir vald er det i den meisterlege meksikanske dystopien New Order av Michel Franco. Landet eksploderer i eit sanseleg angrep med sylkvass lyd, sterke fargar og nådelaust tempo.

Kontrasten er sterk til japanske Mødre av Naomi Kawase, eit sakte, smålåte og stadig overraskande drama om forventingar knytte til familieauke. Tittelgrisen i Gunda av Viktor Kossakovsky tek morsrolla til nye høgder. Aldri har vi sett livet som gris så vakkert og hjarteskjerande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement