Bok

Arr og skorper

Silje Hildershavn Heier skriv klokt og truverdig om smått og stort.

Silje Hildershavn Heier er psykolog, og har tidlegare gått på forfattarstudiet i Bø. Novellesamlinga er debuten hennar.
Publisert Sist oppdatert

Først i avgrensinga syner meisteren seg, sa Goethe, og det er det vel noko i. Litt sjølvdisiplin kjem vel med, i kunsten og andre stader. I debutboka si syner Silje Hildershavn Heier at ho har slik kustus på seg sjølv som han Johann Wolfgang i si tid etterlyste. Her er tekstane stramme og faste i fisken, med stutte setningar og lite tomprat, sjølv om det er mykje sansing og observasjon.

I mange av novellene, eller prosatekstene, møter me folk i relasjonar som ikkje har alt heilt på stell. Noko har gått skeis, eller så kjem det til å gjera det. Folk vantar noko, eller eitkvart gale er i emning. I ein av tekstane, «Ved jernbaneskinnene», skildrar forfattaren stutt, i små bulletinar, opptakta til og somme etterverknadar av ei valdtekt der både offer og gjerningspersonar er ungdommar. Ho gjer det heilt utan såkalla grafiske detaljar eller referat frå sjølve den sentrale hendinga. Teksten er i eit krinslaup ikring det avgjerande, med klåre bilete frå før og etter.

Framvising

Ein annan tekst, «Vikersund», er på nokre få sider ein heil oppvekst­roman, fortald av storebroren til guten Brede, frå ei konkret lemming i sauefjøset og til 21-årsdagen i fengselet, to år ute i ein dom for grotesk vald og andre brotsverk. Alt er plausibelt, nok ein gong er det stutte stubbar av tekst som syner lesaren viktige hendingar og fenomen i denne oppveksten, ikkje som ei forklaring på kvifor det endar så gale som det gjer, men som ei framsyning av uheldige omstende, utan argumentering for eller imot noko som helst. Det som skjer, det skjer.

I fleire av dei andre tekstane er personane såkalla vaksne, i eller etter relasjonar der det vantar noko, der mange kanskje kunne tenkja at alt er i orden, men der forfattaren ved eit skarpt blikk får fram det som ikkje er heilt som det skal, det er nokre brot i glasuren, arr og skorper her og der, anten ved personlege eigenskapar som ikkje er heilt kompatible, ved at somme menneske ikkje har sosialt talent, eller, som det heiter i ein framifrå pratesong av den fabelaktige Tønes: «Det e mange så ikkje kan laga Waldorfsalat, men så lage di ligevel!»

Gjennomtenkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement