Ærleg om kjærleik og sorg
Uten navn er fragmentarisk, men truverdig rapportteater.
Nationaltheatret / Østfold kulturutvikling:
Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist:
Uten navn
Scenografi/lysdesign: Øyvind Wangensteen
Komponist: Gaute Tønder
Teater bygt på research er ein sjanger som har fått ein framskoten posisjon i kulturlivet vårt. Kan hende lever vi i ei tid med så mykje medieinformasjon at vi stundom treng eit kunstnarblikk på dagsrøynda for at ho skal vedkome oss.
Framsyninga Høyer og Nyquist har laga, og som no går på Nationaltheatret, gir eit fokus på etterlatne etter rusmisbrukarar. Fire skodespelarar fortel, stort sett i monologparti, om bitre, hjarteskjerande røynsler med sine næraste, det meste direkte teke frå intervju med dei det galdt. Trass i overtydande autentisitetsfaktor vert stykket delvis for fragmentarisk til at det kan gripe oss heile tida, men når det grip, grip det til gagns.
Anne Marie Ottersen, Nils Jørgen Kaalstad, Gine Cornelia Pedersen og Alfred Ekker Strande har alle den personleg appellerande varmen på plass, og dei held uttrykket stramt og klårt både i monologane og overgangssekvensane. Scenografien er ein bakvegg med lysrøyr i skiftande farger, og musikken gir det heile eit hardt, melankolsk lydteppe. I denne søte førjulstida kan nok det vere noko til ettertanke.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nationaltheatret / Østfold kulturutvikling:
Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist:
Uten navn
Scenografi/lysdesign: Øyvind Wangensteen
Komponist: Gaute Tønder
Teater bygt på research er ein sjanger som har fått ein framskoten posisjon i kulturlivet vårt. Kan hende lever vi i ei tid med så mykje medieinformasjon at vi stundom treng eit kunstnarblikk på dagsrøynda for at ho skal vedkome oss.
Framsyninga Høyer og Nyquist har laga, og som no går på Nationaltheatret, gir eit fokus på etterlatne etter rusmisbrukarar. Fire skodespelarar fortel, stort sett i monologparti, om bitre, hjarteskjerande røynsler med sine næraste, det meste direkte teke frå intervju med dei det galdt. Trass i overtydande autentisitetsfaktor vert stykket delvis for fragmentarisk til at det kan gripe oss heile tida, men når det grip, grip det til gagns.
Anne Marie Ottersen, Nils Jørgen Kaalstad, Gine Cornelia Pedersen og Alfred Ekker Strande har alle den personleg appellerande varmen på plass, og dei held uttrykket stramt og klårt både i monologane og overgangssekvensane. Scenografien er ein bakvegg med lysrøyr i skiftande farger, og musikken gir det heile eit hardt, melankolsk lydteppe. I denne søte førjulstida kan nok det vere noko til ettertanke.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.