Musikk
Arktisk song
Rautavaara manar fram vinterlege bilete av fuglar i frose myrlandskap.
I Einojuhani Rautavaaras Cantus arcticus frå 1972 høyrer me songen til lerker og andre fuglar i Bottenvika.
Foto: Kathy Zimmerman / Wikimedia Commons
Opptakskvaliteten på det nye albumet til Göteborg-symfonikarane er oppsiktvekkjande god. Det transparente lydbiletet gjer at ein kan «høyra ut» einskildinstrumenta, noko som er særleg effektfullt i Cantus arcticus, op. 61, av den største musikalske finnen sidan Sibelius, Einojuhani Rautavaara (1928–2016).
Rautavaara laga musikk i over seksti år, og ser ein tilbake på produksjonen hans, er det lett å identifisera ulike stilistiske periodar. Han byrja som ein slags forseinka nyklassisist, noko som har med det konservative finske musikklivet etter krigen å gjera.
Ein avangardistisk reaksjon kom i overgangen til 1960-åra, då han byrja med seriell musikk, der ulike musikalske element (tonehøgd, tonelægd, til dømes) er organiserte i rekkjer eller seriar. Men dette blei ei blindgate; han ville «attende til det ekspressive og klangfulle», som han sa om sin fyrste klaverkonsert tre år før Cantus arcticus.
Ravelsk
Denne «konserten for fuglar og orkester» var eit oppdragsverk frå det nystifta Uleåborgs universitet i 1972. Ein venta seg vel ein akademisk kantate, men Rautavaara fann ikkje nokon inspirerande tekst og tok heller med seg ein tospors bandopptakar til våtmarksområda aust i Bottenvika for å festa fuglesong til tape. I det tresatsige verket blir desse opptaka integrerte i orkesterframføringa.
Resultatet blei eit høgt individualistisk meisterverk, der det naturgjevne lever symbiotisk med den impresjonistisk farga orkesterklangen. «Tenk på haust og Tsjajkovskij», står det over fyrstesatsen (spor 2), men eg tenkjer mest på den franske komponisten Ravel. Her høyrer me mellom anna tranar, som blir imiterte i stakkatostøyt frå dempa trombonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.