Musikk
Arkivet: William Tyler
William Tyler.
Foto: Chantal Anderson
Ein må jo glede seg over at det finst typar som William Tyler (f. 1979), fødd og oppvaksen i Nashville, og mangeårig medlem i Lambchop, etter at Kurt Wagner inviterte han inn då han var 19 år – då bandet etter AWCMON / NOYOUCMON (2004) turnerte på ulike cinematek og framførte musikk til stumfilmklassikaren Sunrise (F.R. Murnau, 1927), kom dei innom det store auditoriet i Studentsenteret i Bergen, ei storhending for alle som var til stades, og ingen av dei gløymer vel Tyler.
Lite visste vi likevel då om kva som budde i den unge mannen, for platene han har gitt ut i eige namn det siste tiåret, teiknar eit bilete av ein instrumentalist og komponist med ein heilt eigen signatur. Plater som Modern Country (2016) og Goes West (2019), filmmusikken til Kelly Reichardts fantastiske First Cow (2019) og albumet han gav ut saman med Marisa Anderson i fjor, Lost Futures, er alle av høg kvalitet.
Likevel var det ikkje noko av alt dette som førebudde meg på Frozen Shelter, ei eksperimentell instrumentalutgiving som viser Tyler frå ei heilt ny side. Musikken inngår i serien Longform Editions og består av eitt einaste nesten 40 minutt langt stykke som tek nokre solide steg i retning av ambient.
Sjølv skriv Tyler på Bandcamp at komposisjonen i fantasien hans spelar over eit anlegg i eit bomberom idet verda går under, «ghostly music for a ghostly landscape».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.