Musikk
Arkivet: Velkomen til harde tider
I veka som gjekk, spelte countrykometen Charley Crockett for utselt hus på Cosmopolite Scene i Oslo.
Charley Crockett på Cosmopolite Scene i Oslo.
Foto: Øyvind Pharo
Sidan platedebuten i 2015 har trettiniåringen gitt ut tolv album på sitt eige selskap, Son of Davy.
Crockett er etterkomar av folkehelten Davy Crockett og voks opp saman med åleinemor i campingvogn på grensa mellom Texas og Mexico. Han var sytten då han drog ut i verda med gitaren han fekk av mor si. Han haika, sov ute og reiste som togboms på kryss og tvers i Amerika. Spelte i French Quarter i New Orleans og på undergrunnen i New York. Den sjølvlærte gitaristen saug opp som ein svamp den amerikanske folkemusikk-, country- og bluestradisjonen. I dag er repertoaret hans ei høgare eining av eigne songar og handplukka halvgløymde klassikarar.
På Welcome to Hard Times frå 2020 syng han hemnballaden «Black Jack County Chains», som handlar om slaveriarv og ein svart lenkegjeng som drep sheriffen. Red Lane skreiv songen i 1967 og tilbaud Charley Pride å spele han inn. Som einaste afroamerikanske countrystjerne på den tida og tok han ikkje sjansen, mens Willie Nelsons innspeling klatra på hitlistene inntil ho blei forboden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.