Musikk

Arkivet: The Rolling Stones, 1977

Publisert

The Rolling Stones – no utan trommis Charlie Watts (1941–2021) – turnerer i Europa i sommar, i året då både Mick Jagger og Keith Richards fyller 79. Det seier noko om den slitesterke plassen dei har i rockehistoria, at opptaket på konsertalbumet Live at the El Mocambo, som kjem ut i dag, er nesten 45 år gammalt. Det var tidleg i mars i 1977 at bandet spelte to hemmelege konsertar i klubben El Mocambo i Toronto, for eit publikum på vel tre hundre menneske kvar kveld, altså eit sjeldan unntak frå den langt mindre spontane arenarocken som no har dominert i fleire tiår, og som ein også kan vente seg i juni og juli.

Ikkje berre er energien høg på opptaket, det er også prega av ei laussleppt speleglede det ikkje er så mykje rom for i dei store sceneproduksjonane som no atter skal fylle ulike stadionanlegg og parkar. Repertoaret reflekterer elles at dei beste albuma deira berre var nokre få år gamle – eg tenkjer på syttitalsplatene Sticky Fingers (1971), Exile on Main St. (1972), Goats Head Soup (1973), It’s Only Rock’n Roll (1974) og Black and Blue (1976).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement