Arkivet: The Beatles
The Beatles med medaljane dei fekk av dronning Elisabeth i 1965.The Beatles med medaljane dei fekk av dronning Elisabeth i 1965.
Foto: AP / NTBFoto: AP / NTB
Etter nokre timar på øving med The Beatles i den framifrå dokumentarserien Get Back (Disney +) står høgdepunkta i kø:
I fleire ugløymelege scener finn vi Paul McCartney ved tangentane, utprøvande og i full ferd med å gi form til ein song sjåaren kjenner så altfor godt som klassikar, som «Let It Be» eller «The Long and Winding Road». Kan denne søkjande, utviklande prosessen ha vore fanga betre på film enn med Peter Jacksons rause innsyn? Det å følgje låten «Get Back» verte til, med arkivmateriale som viser kor nær knytt han er til den pågåande samfunnsdebatten i England, er ei gåve.
Når vi flyttar oss frå Twickenham til Apple-studioet, dukkar etter kvart Billy Preston opp, ein pianist bandet kjende frå tidlege år i Hamburg. Sjølvsagt vert han med, og alt løftar seg til noko nytt med han på det elektriske pianoet, til bandets synlege glede.
Som kjent var det ofte ikkje enkelt for dette bandet på nyåret i 1969, det gjekk faktisk mot slutten, men tusen små stunder i Get Back vitnar om ein både tøysete og leiken kreativitet, som då George Harrison ber John Lennon og Paul McCartney hjelpe han med teksten på det som er i ferd med å bli «Something». Berre syng det som fell deg inn, til du får det du er ute etter, er Lennons råd: «Something in the way she moves attracts me like a cauliflower».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.