Arkivet: Springsteensoul
Bruce Springsteen slepper i dag sitt 21. studioalbum, Only the Strong Survive, ei herleg plate full av speleglede og overskot, der 73-åringen tek tak i eit knippe klassiske soulsongar – tenk Motown, Stax og så vidare – frå 1960- og 1970-talets amerikanske songbok. Det er skikkeleg gjort, med flotte blåsarar (E Street Horns), fine strykearrangement ved Rob Mathes og ein solid gjeng koristar. På to av songane, «Soul Days» og «I Forgot To Be Your Lover», er 87 år gamle Sam Moore (frå Sam & Dave) med og kastar soulglans på innspelinga.
For denne lyttaren er Only the Strong Survive endå sterkare enn det høgt elska coverprosjektet We Shall Overcome: The Seeger Sessions (2006), men det kan ha noko å gjere med at eg er så himla glad i songane Springsteen har kasta seg over denne gongen. Det er vokalisten og tradisjonsforvaltaren Springsteen det først og fremst handlar om her, og på ein song som The Temptations-klassikaren «I Wish It Would Rain» (1967) skin han verkeleg, i si inderlege bøn om at regnet skal komme og skjule tårene.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.