Musikk
Arkivet: Speedy Gonzales på fiske i Valdres
Etter «Speedy Gonzales» (1962) kom ingen fleire Golden Hits med Pat Boone.
Humorlåten «Fisking i Valdres» blei ein gigantisk sommarhit for Viggo Sandvik i 1988. Ein suksessfaktor var videoen der kona (Hege Schøyen) nektar han å dra på fisketur på fjellet fordi ho har mistanke om at han er utru. Schøyen spelar også fager budeie som syng «La-la-la»-refrenget som kulokk, akkompagnert av doggfrisk langeleik.
Songen var ein omskriven coverversjon av Pat Boones «Speedy Gonzales», som var ein stor hit i Noreg i 1962, med 14 veker på VG-lista, seks av dei på førsteplass. Den gongen ein tidsriktig twistlåt, og om Sandvik laga norsk bygdehumor av songen, var grunnforteljinga og melodien den same.
Speedy Gonzales, den sombrerokledde meksikanske musa frå teiknefilmuniverset Looney Tunes, forsømer både kona og huslege plikter: «Stop all of your drinking/ with that floozy named Flo!/ Come home to your adobe/ And slap some mud on the wall!»
Frå Looney Tunes kom også klipp av ei innlesarstemme med karikert meksikansk aksent som del av songen til Pat Boone.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.