Musikk

Arkivet: Ry Cooder og Taj Mahal

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje noko å seie på stemninga når Ry Cooder og Taj Mahal lagar plate saman for første gong på snart 60 år, for meir enn noko anna er det speleglede (og livsglede) som pregar Get On Board: The Songs Of Sonny Terry & Brownie McGhee (Nonesuch), som er ute i dag.

Midt i 1960-åra var Mahal, som fyller 80 år i midten av mai, og Cooder, som vart 75 for litt sidan, begge på veg opp og fram i Rising Sons, men den eine plata dei fekk laga saman i 1965, før dei gjekk kvar til sitt, kom først ut i 1992.

Begge syng og spelar gitarar, og i tillegg hentar Cooder fram både banjo og mandolin, medan Mahal spelar munnspel og piano, og det er sonen til Cooder, Joachim, som stiller på trommer og bass.

Tett, nært og intimt, med andre ord, i det som også framstår som eit formidlingsprosjekt, sidan dei gamle karane altså har valt å tolke duoen Sonny Terry (1911–1986) og Brownie McGhee (1915–1996) på dette albumet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement