Musikk

Arkivet: «Rumble» i Rock and Roll Hall of Fame

Link Wray på The Shim Sham Club i New Orleans.
Link Wray på The Shim Sham Club i New Orleans.
Publisert

I kveld går årets Rock & Roll Hall of Fame-seremoni av stabelen i Barclay Centre i Brooklyn. Blant dei som blir heidra, er gitaristen Link Wray frå Dunn i North Carolina. Han var «gudfar for hardrock, heavy metal, punk og grunge», heiter det i grunngjevinga for at han får Musical Influence-prisen.

Wray fann opp det som på gitarspråket heiter the power chord, med utgjevinga av «Rumble» i 1958 med Link Wray & His Ray Men. Den langsame tregrepsinstrumentalen hadde ein solo som følgde ein dalande skala ned til eit drønn av ein grunnakkord. I ei tid då gitarane ikkje hadde fuzzboks, bora Link Wray hol i gitarforsterkaren med ein blyant, så han kunne lage både fuzz og forvrenging på maks volum og effekt. Lyden var ein skummel miks av biljakt, gategjengar, rotlaus ungdom og eigen urfolkbakgrunn. Ein stolt avleggar av «Rumble» heitte «Comanche».

Mange radiostasjonar i USA frykta signala til den skinnjakkekledde gitaristen med sleik og solbriller, og nekta å spele «Rumble», som dermed også er den einaste instrumentalen som er nekta spelt av frykt for ungdomsopptøyar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement