Musikk
Arkivet: Retningsnummer 615 Nashville
Area Code 615. Psykedelisk prog- country frå 1970.
For ei veke sidan skreiv eg at Bob Dylan gjorde countrymusikken stoverein for motkulturen med LP-en Nashville Skyline i 1969. Ikkje berre fordi Johnny Cash gjesta på plata, men fordi studiomusikarane hadde bakgrunn i folk og rhythm & blues, ikkje i den etablerte Nashville-sounden.
Trommeslagaren Kenny Buttrey og munnspelaren Charlie McCoy var også med då Dylan spelte inn delar av Blonde on Blonde i Nashville i 1966. Til liks med Wayne Moss, mannen bak gitarriffet på «Pretty Woman» med Roy Orbison. Saman med seks andre unge studioess frå countryhovudstaden danna dei supergruppa Area Code 615, som også var tittelen på debut-LP-en som dei gav ut i brytningsåret 1969. Året etter kom Trip in the Country, innspelt i garasjen til Moss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.