Musikk
Arkivet: R.E.M.
Michael Stipe poserer med Comet-prisen gruppa vann for beste video i 2004.
Foto: Hermann J. Knippertz / AP / NTB scanpix
Mellom rockebanda eg har følgt, og med vemod sett løyse seg opp, har R.E.M. ein sentral plass – rett som det er tek eg meg i å sakne forventningane om ny musikk frå den kanten.
Då kan ein jo alltids finne vegen til det som finst, og frå tid til anna aukar det også på, som no, når den omfangsrike boksen R.E.M. at the BBC – ei samling konsertopptak gjort for kringkastaren i tidsrommet 1984–2008 – er her.
Eg har brukt samlinga som jukeboks nokre kveldar, og hoppa hit og dit, og det er saktens nok å glede seg over, sjølv om lydkvaliteten varierer kraftig. Snart 450 minutt har det vorte plass til, med nedslagspunkt i vidt ulike fasar av R.E.M.s rikhaldige liv. Kvifor ikkje? Lytte kan ein gjere over tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.