Musikk
Arkivet: Randy Crawford 70 år
Randy Crawford på scena på Momarkedet i 1986.
Foto: Inge Gjellesvik / NTB
Det finst nok ein del lesarar der ute som smiler og nikkar når namnet til Randy Crawford vert nemnt, for artisten naut ein særleg popularitet her til lands på 1980-talet, med plater som selde godt, og gjennom samarbeidet med gruppa Lava.
I dag har det gått 70 år sidan Crawford vart fødd i musikkbyen Macon, i delstaten Georgia, men det var i New York ho tok dei første verkelege stega i karrieren, før ho etter kvart signerte platekontrakt der, med Columbia Records for 50 år sidan, i 1972. Førre og siste utgiving kom i 2008, No Regrets, og fann henne i det jazza hjørnet, i duo med pianisten Joe Sample.
Vi gratulerer med å innleie fredagskvelden med å spele av tittelsporet frå The Crusaders-albumet Street Life (1979), som det er umogleg ikkje å komme i brukbart humør av, og som ikkje ville ha vore det same utan Crawfords røyst – ein song som kom til å spele ei viktig rolle i karrieren hennar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.