Musikk

Arkivet: Mr. Tambourine Man

LP-en Mr. Tambourine Man utgitt av Columbia same månad som tittelsporet blei nr. 1 på Billboard-lista.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka i 1965 blei «Mr. Tambourine Man» med The Byrds nummer 1 i USA, og ein månad seinare også i England. Denne debutsingelen blei epokegjerande i det som var ein ekstremt kreativ og mangfaldig fase av rockhistoria. Hitlistene endra radikalt karakter gjennom innverknaden frå Bob Dylan, som hadde spelt «Mr. Tambourine Man» live lenge før han kom på albumet Bringing It All Back Home i mars 1965.

The Byrds blei starta av Glen Clark, David Crosby og Jim (Roger) McGuinn i 1964. Dei kom frå ulike folkgrupper og fekk med seg trommeslagaren Michael Clarke og bassisten Chris Hillman. Same haust var dei i studio og øvde inn «Mr. Tambourine Man» etter ei prøvepressing frå songforlaget til Dylan. Den versjonen gjekk frå shantey-inspirert 2/4-takt til dansevenleg 4/4 Beatles-inspirasjon. Dylan applauderte arrangementet då han høyrde ei studioøving. Plata blei spelt inn vinteren 1965 og gitt ut i april.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement