Arkivet: Moebius
Musikaren og komponisten Dieter Moebius er vel best kjend som bandmedlem i Cluster.
Foto Bureau-b.com
Musikaren og komponisten Dieter Moebius (1944–2015) er vel best kjend som bandmedlem i Cluster (saman med Hans-Joachim Roedelius) og Harmonia, og som ein av premissleverandørane for den avantgardistiske elektroniske musikktradisjonen i Tyskland. Somme vil dessutan kjenne han frå samarbeidet med Brian Eno.
Sju år etter at han gjekk bort sommaren 2015, har Asmus Tietchens, ein av dei han samarbeidde med, sett saman Solo Works. Kollektion 7, ei samling med musikken Moebius laga åleine, som ifølgje Tietchens «klårast viser det personlege og kreative potensialet hans», som det heiter i ei pressemelding frå plateselskapet Bureau B.
Materialet bør vere av interesse for alle som har lytta til den elektroniske avarten av krautrock Moebius og Roedelius laga saman, på album som Zuckerzeit (1975). Samlinga vitnar om korleis det høyrest ut når ein tek ein av to byggeklossar ut og studerer den eine av impulsane som forma musikken. Som Tietchens påpeikar, er den minimalistiske, lagvise bruken av repetisjon eit teikn på både stringens og eventyrlyst – det er ikkje vanskeleg å høyre kor stor innverknad denne musikken har hatt på ei heil rekkje uttrykk opp gjennom åra.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.