Musikk
Arkivet: Mehldaus Beatles
Den prislønte jazzpianisten Brad Mehldau har spelt inn låtar frå Beatles-katalogen.
Pressefoto
Det var i september 2020 at Brad Mehldau sette seg på pianokrakken i Philharmonie de Paris og gav seg i kast med nokre utvalde songar frå katalogen til The Beatles.
Opptaket var ei stund å sjå på den franske musikk-TV-kanalen Mezzo, og no er det ute på plate på Nonesuch med tittelen Your Mother Should Know: Brad Mehldau Plays The Beatles.
Ei fin lita stund har det blitt. Mellom dei ti komposisjonane finst ein av George Harrison, «If I Needed Someone» frå Rubber Soul (1965), elles går det i Lennon/McCartney, og om eg skal velje ut ein favoritt, må det vel vere dei åtte minutta Mehldau brukar på å utforske kva som bur i «Golden Slumbers», som på Abbey Road (1969) inngår i albumets avsluttande medley og varer i eitt og eit halvt minutt.
Nokre av songane – som «Here, There and Everywhere» – har vi høyrt i Mehldaus tolking før i konsertsamanheng, men det å vie eit slikt djupdukk til ein bestemt katalog på denne måten er likevel noko nytt for jazzpianisten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.