Musikk
Arkivet: Med tida på si side
Jerry Ragovy blei ein genierklært låtskrivar, arrangør og produsent av rhythm & blues og soul.
Århusfødde Kai Winding kom til USA som tolvåring. Han gjorde den første innspelinga av «Time Is on My Side».
Jerry Ragovoy voks opp i Philadelphia som son av jødiske immigrantforeldre. Radioen deira spelte klassisk musikk og storband, og Jerry blei sjølvlært pianist ved å studere Ravel og Puccini. Etter fem år i ei gatesmart platesjappe i ein svart bydel var han utlært i jazz, gospel og blues. Han blei ein genierklært låtskrivar, arrangør og produsent av rhythm & blues og soul. Kjend for intense balladar. «Time Is on My Side» skreiv han i 1963 under psevdonymet Norman Meade då jazztrombonisten Kai Winding hadde koristane Dionne og Dee Dee Warwick og tanta deira, Cissy Houston, i studio og var i beit for ein låt.
Ragovoy leverte låten på piano over telefon. Damene song refrenget «Time is on my side, you’ll come running back», medan soloen til Winding hadde same melodi som Irma Thomas syng med ferdig tekst på ei innspeling i 1964.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.