Musikk
Arkivet: Matangi/Maya/M.I.A.
Regissøren kjem tett på artisten M.I.A. alias Matangi Arulpragasam.
Pressefoto
Det finst alltid interessante, nye musikkfilmar på Bergen Internasjonale Filmfestival. Under festivalen for nokre veker sidan fann eg vegen inn i ein kinosal og såg Steve Loveridges dokumentar Matangi/Maya/M.I.A., som har ordinær kinopremiere i kveld.
Loveridge kjem tett på og følgjer Matangi Arulpragasam, som fleire vil kjenne som artisten M.I.A., i det som viser seg å bli ein intens periode i karrieren og livet hennar. Men vi får meir enn det. Tilgang til rikeleg med arkivmateriale har gjort det mogleg for regissøren å gå heilt tilbake til midten av 1980-åra, då Arulpragasam kom med familien som flyktning frå Sri Lanka til England, vidare til midten av 2000-talet, inn i kulissane då ho vart global popstjerne med megathiten «Paper Planes», og inn til nyare tid, der ho ikkje har vore redd for å komme med markante politiske utspel, særleg på vegner av tamilane i det gamle heimlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.