Musikk
Arkivet: Magnolia Electric Co
På hylla framføre meg her står det ein liten treboks eg er ganske glad i. Han inneheld fire CD-plater, éin DVD og eit lite astrologisk kart ein kan brette ut. Eg kan ikkje hugse kva slags platesjappe eg kjøpte utgivinga på, men året var 2007, då Jason Molina (1973–2013) gav ut Sojourner, som eg har forstått at det med åra har vorte ganske vanskeleg å få tak i. For dei som har prøvd, har eg godt nytt: Utgivinga kjem no på vinyl (rett nok utan filmen The Road Beomces What You Leave, som ein til gjengjeld kan sjå på nettet).
Det er ein fin miks som er samla på Sojourner: albuma Nashville Moon (produsert av Steve Albini), Black Ram (produsert av David Lowery) og Soshola (eit opptak gjort av Molina sjølv), og så er det den vesle EP-en Sun Session, som vart spelt inn i Sun Studio i Memphis våren 2006, og som inneheld fire spor, mellom dei nydelege «Hold On Magnolia».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.