Musikk

Arkivet: Lyden av eit bilete

Laurie Anderson viser fram boka til Brian Eno, Simon McBurney og Nitin Sawhnhey.
Laurie Anderson viser fram boka til Brian Eno, Simon McBurney og Nitin Sawhnhey.
Publisert

«Eg opplevde det som om eg lytta til eit fotografi», sa Laurie Anderson nyleg i ein nettsamtale i serien Ways of Listening med Brian Eno, Simon McBurney og Nitin Sawhnhey, idet ho løfta opp og viste fram I listen to the wind that obliterates my traces: Music in vernacular photographs 1880–1955, boka kunstaren og samlaren Steve Roden gav ut i 2011 på plateselskapet/ forlaget Dust to Digital.

Bileta som fascinerte Anderson slik, var av menneske som lytta til musikk, men prosjektet spenner breiare enn som så, med ei ganske eklektisk samling fotografi der musikken i menneskelivet er fellesnemnar. I listen to the wind that obliterates my traces inneheld ei bok på 184 sider, med 150 fotografi, tekst og essayistikk av Roden og utdrag frå ei rekkje litterære tekstar. Med følgjer også to CD-plater med opptak laga i perioden 1925–1955.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement