Musikk
Arkivet: Loudon Wainwright III
Loudon Wainwright III feirar Grammy-prisen han fekk i 2010.
foto: Mark J. Terrill / AP / NTB scanpix
Kvar gong eg tenkjer på Loudon Wainwright III, ser eg føre meg andletet hans idet det strammar seg i ein grimase, slik det gjorde då han mobiliserte muskulaturen i toppetasjen for verkeleg å artikulerte sine eigne ord tydeleg på scenen ein kveld på Garage i Bergen for mange år sidan. Han togg liksom på kvar einaste staving i munnhola – det var litt av eit syn.
Loudon har vorte 72 år, og det er nok mange fleire som veit kven sonen Rufus eller dottera Martha er, men ein kjem likevel ikkje unna det faktumet at gamlefar er ein framifrå låtskrivar.
Dette er ikkje minst tydeleg på Years in the Making, ei samling på 42 songar som no er ute. Her er det mangt av godteri for trufaste lyttarar: demoar, turar innom radioen, konsertopptak herfrå og derfrå og eit og anna spor som ikkje kom med på plata i siste runde.
Du kan sjølvsagt strøyme alt dette gjennom høgtalaren, men då får du ikkje det seksti sider lange heftet som følgjer CD-boksen – ei samansetjing av bilete og tekst som gjer utgivinga til ein aldri så liten sjølvbiografi, på sitt eige vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.