Musikk
Arkivet: Kyss klapp og klem
Omslagsbiletet vart teke i Harlem i 1965.
«Three six nine/ the goose drank wine/ the monkey chewed tobacco on the street car line.» Slik opnar Shirley Ellis «The Clapping Song», ein av dei mest særprega rhythm & blues-låtane frå det store popåret 1965. Då Beatles og Stones, Motown og Stax Records elles prega listene.
Etter innleiinga går songen over i eit forrykande parti med instruksjonar om rytmisk klapping av hender og lår, og korleis du skal treffe handflatene til dansepartnaren med vekselvis venstre og høgre arm. Det heile i karnevalsrytmikk driven av basstromme og massivt messingblås, og mellomspel der ho funkar opp ei strofe frå ragtimenummeret «Rubber Dolly»:
«My mama told me If I was goody/ that she would buy me a rubber dolly/ My aunty told her/ I kissed a soldier/ Now she won’t buy me a rubber dolly.»
Ein standard frå jazz og hillbilly. Woody Guthrie song han på 1930-talet, og melodien nytta han til «This Land Is Your Land». Ei pur ung Ella Fitzgerald gjorde «My Wubba Dolly» til dryg hokumblues.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.