Musikk
Arkivet: Kven var den maskerte mannen?
Har de høyrd KI-versjonen av Johnny Cash som syng «Barbie Girl» til melodien av «Folsom Prison Blues» med applausen frå soningsfangane i bakgrunnen?
Jimmy Ellis, alias Orion.
Har de høyrd KI-versjonen av Johnny Cash som syng «Barbie Girl» til melodien av «Folsom Prison Blues» med applausen frå soningsfangane i bakgrunnen? Det er knapt mogleg å høyre at det ikkje er «the man in black».
I 1969, då karrieren til Cash tok av med nettopp denne fengselsbluesen, kjøpte musikkentreprenøren Shelby Singleton plateselskapet Sun Records, livsverket til Sam Phillips, han som oppdaga både Cash og Elvis. Bakkatalogen til merkevara Sun fekk nytt liv, sjølv om innspelingane til Elvis svann i dragsuget då han skreiv kontrakt med plategiganten RCA i 1955.
Tidleg på 70-talet, etter Elvis’ gedigne Las Vegas-comeback, gav Singleton ut ei 45-plate med den opphavlege Sun-logoen, og songane var dei same som på Elvis’ debutsingel for Sam Phillips frå juli 1954: «That’s All Right» på A-sida og «Blue Moon of Kentucky» på baksida. Ikkje noko artistnamn, berre eit spørjeteikn. Rykte gjekk om at dette var eit tidlegare uutgitt Elvis-opptak frå 1954, men Elvis-røysta tilhøyrde Jimmy Ellis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.