Arkivet: K.K. Hammond – dømd til å spele slidegitar
K.K. Hammond i heimestudioet.
Foto: Thecurseofkkhammer.com
For snart eit år sidan gav K.K. Hammond ut albumet Death Roll Blues. Med uskuldsrein klang i stemma syng ho sjølvskrivne tekster dynka i sørstatsgotikk til tonar frå Mississippi deltablues. Glasrøyret ho drar langs strengane på resonatorgitaren, gjenskaper slidelyden til ikon som Bukka White og Robert Johnson, og frå nyare tid John Fahey.
Resonatorgitaren, med ein metallkropp som gir kraftigare lyd enn resonanskassa i ein akustisk gitar, blei introdusert på 1920-talet. K.K. Hammond tykkjer at årgangsinstrument krev for mykje vedlikehald, og at nye retromodellar læt betre. Ein av favorittane i maskinparken hennar heiter «Swamp Bitch».
K.K. Hammond har bakgrunn frå alternativrock og metal i London. No stortrivst ho som eremitt med stutteri, platestudio og plateselskap i ein skog i Buckinghamshire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.