JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Arkivet: K.K. Hammond – dømd til å spele slidegitar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
K.K. Hammond i heimestudioet.

K.K. Hammond i heimestudioet.

Foto: Thecurseofkkhammer.com

K.K. Hammond i heimestudioet.

K.K. Hammond i heimestudioet.

Foto: Thecurseofkkhammer.com

1439
20231110
1439
20231110

For snart eit år sidan gav K.K. Hammond ut albumet Death Roll Blues. Med uskuldsrein klang i stemma syng ho sjølvskrivne tekster dynka i sørstatsgotikk til tonar frå Mississippi deltablues. Glasrøyret ho drar langs strengane på resonatorgitaren, gjenskaper slidelyden til ikon som Bukka White og Robert Johnson, og frå nyare tid John Fahey.

Resonatorgitaren, med ein metallkropp som gir kraftigare lyd enn resonanskassa i ein akustisk gitar, blei introdusert på 1920-talet. K.K. Hammond tykkjer at årgangsinstrument krev for mykje vedlikehald, og at nye retromodellar læt betre. Ein av favorittane i maskinparken hennar heiter «Swamp Bitch».

K.K. Hammond har bakgrunn frå alternativrock og metal i London. No stortrivst ho som eremitt med stutteri, platestudio og plateselskap i ein skog i Buckinghamshire.

I desse dagar er ho aktuell med to coverversjonar på singel. A-sida er Nirvana-songen «Heart Shaped Box» med eigenprodusert video stinn av erkeengelsk agrar-okkultisme. På B-sida gjer ho «Where Did You Sleep Last Night?», ein annan Nirvana-låt og opphavleg ein nifs og uvanleg fleirtydig Appalachia-ballade som har vore kjend sia 1870-talet. Grunge-versjonen til Nirvana var inspirert av Leadbelly. Hammond-versjonen av Nirvana. Det er ikkje for ingen ting at ho har teke artistnamnet The Curse of K.K. Hammond.

Øyvind Pharo

Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis