Musikk
Arkivet: Jordbærbrevet frå Shuggie Otis
Torsdag 30. november blei Shuggie Otis 70 år. Han er son til songaren, orkesterleiaren og multiinstrumentalisten Johnny Otis. Foreldra hans igjen var greske innvandrarar, og han voks opp i eit afroamerikansk nabolag i California. Kona hadde filippinsk familiebakgrunn og blei mor til Shuggie.
Guten spelte gitar frå han var tre år. Med ein pappa som grunnla The Johnny Otis Show, hadde tilnamnet The Godfather of Rhythm & Blues, kjende heile bransjen og oppdaga Etta James, Jackie Wilson, Gladys Knight og fleire andre, såg det ut til at framtida til Shuggie var musikk.
15 år gamal albumdebuterte han, og då Epic året etter gav ut det doble konsertalbumet Live At Monterey med The Johnny Otis Show, gjer Shuggie eit uforgløymeleg gitarspel på «Willie and the Jive», sjølve signaturlåten til pappa og ein kjempehit i 1958.
Shuggie Otis var enno skulegut då han i 1971 gav ut signaturlåten «Strawberry Letter 23» – ein mjuk fusjon av funk og barokkpop og høgdepunktet på det epokegjerande psykedelisk soul-albumet Freedom Flight. Han spelar alle instrumenta sjølv med ein og annan gjestemusikar og føregrip Prince med mange år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.