Musikk

Arkivet: Jaime igjen

Brittany Howard har inspirert andre artistar til å gå laus på musikken hennar.
Brittany Howard har inspirert andre artistar til å gå laus på musikken hennar.
Publisert

Eg løfta fram Brittany Howards strålande album på desse sidene då Jaime kom ut for to år sidan. Midtsommars kom det ei frisk oppfølging, eller eit slags forfriskande gjenhøyr, Jaime Reimagined, der ei rekkje profilar har fått tilgang til råmaterialet til plata og elles fått fritt kreativt spelerom til å gjere som dei vil.

Dermed tvillingen til Jaime, som sjølvsagt har mykje til felles med albumet som kom i 2019, men som også er noko heilt anna. Ta «Stay High», som toppa listene og fekk ein Grammy for beste rockelåt. Etter at Childish Gambino har teke ein runde med songen, er han tilført ein ny og annan energi, utan å miste den grunnleggjande identiteten.

Og så er det «Short and Sweet», som Bon Iver fekk fingrane på, for ikkje å snakke om «13th Century Metal», som vart send Michael Kiwanukas veg. Slike eksperiment er ikkje alltid like vellukka, men det balanserer gjennomgåande i dette tilfellet, ikkje minst når ein høyrer korleis J Most i samarbeid med Emily King har teke vare på den flotte kjærleikssongen «Georgia».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement