Musikk
Arkivet: Jack McDuff
Det hender jo at ein rett og slett må finne vegen til lyden av eit Hammond-orgel, ingenting anna kan passe, og då går det ikkje heilt gale om det er opptaka på Live at Parnell’s ein snublar over, gjort i løpet av den veka virtuosen på instrumentet Jack McDuff heldt til i Seattle-klubben Parnell’s, saman med Danny Wollinski (saksofon), Henry Johnson (gitar) og Garrick King (trommer).
Klubbar kjem og går i Seattle, og Parnell’s hadde si tid på Pioneer Square, med plass til litt meir enn eit hundretals gjestar, lite nok til at plassen fekk tilnamnet Roys stove etter eigaren Roy Parnell (som gjekk bort i 2006). Og dette er meir enn bakgrunnshistorikk, for lyden av Live at Parnell’s er ikkje berre lyden av eit strålande band, men også av eit rom som ikkje er for stort – og som opnar for ein bestemt type kommunikasjon mellom musikarar og publikum, som vi tek best vare på om vi passar på at slike stader faktisk ikkje forsvinn. Så er også det sagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.