Musikk
Arkivet: «I’m Leaving It Up To You»
I november 1963 toppa Dale & Grace Billboard-lista med I’m Leaving It Up To You.
1963 var eit år for mann–kvinne-duettar i popmusikken. Paul & Paula med «Hey Paula» og April Stevens & Nino Tempo med «Deep Purple» hadde toppa Billboard Hot 100.
Sam (S.J.) Montel dreiv plateselskapet Montel Records i Baton Rouge, Lousiana. Fengande swamp pop med lokale artistar var profilen.
Ein av artistane var pianisten og songaren Dale Houston som hadde det eine beinet i country og det andre i rockabilly. I 1963 tok S.J. med seg Houston og cajunvokalisten Grace Broussard til plateinnspeling i Lafayette. Høgdepunktet i innspelinga blei coverversjonen av ein ballade som ikkje selde i originalversjonen til rhythm & blues-duoen Don & Dewey i 1957. Timinga var betre for Dale & Grace, som duoen på Montel Records blei heitande.
I veka som byrja 17. november, var Dale & Grace øvst på Hot 100. Om kvelden 22. november skulle dei spele med Dick Clark’s Caravan of Stars i Dallas i Texas. S.J. og artistane stod på trappa til hotellet og vinka då kortesjen til presidentparet passerte. Dale & Grace gjekk til romma for å kvile. Dei kunne høyre skota tre kvartal bortanfor. Så kom landesorga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.