Musikk
Arkivet: Ho song «Mr. Big Stuff»
Jean Knight (1943–2023) på det ikoniske Mr. Big Stuff-omslaget.
Den 22. november i fjor døydde ho i Tampa i Florida. Ho blei 80 år. Namnet hennar var Jean Caliste, men alle kjende henne som soulsongarinna Jean Knight, fødd og oppvaksen i New Orleans. Etter fleire år utan kommersiell suksess tok ho i 1969 kontakt med produsenten og låtskrivaren Wardell Quezergue. Tekstane hans kledde Jean Knights ramsalte stil som hand i hanske.
«Mr. Big Stuff», utgjeven på Stax, blei gjennombrotet. Jean Knight hjelpte til med melodien som fekk ein reggaerytme, nyskapande i amerikansk soul og truleg grunnen til at plateselskapet nølte eit heilt år før dei gav ut plata i 1971.
Med teksten sette ho alle innbilske mannfolk på plass og råka tidsånd og kvinneopprør: «Mr. Big Stuff/ who do you think you are/ Mr. Big Stuff/ You’re never gonna get my love». Det blei fem veker på toppen av Billboard R&B og andreplassen på Billboard pop.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.