Arkivet: Grattis, Rubin
Rick Rubin.
Foto: Muriel Hurtado Herrera
Vi får unne oss ei bursdagsfeiring her under streken frå tid til anna, som i dag, når ingen ringare enn Frederick Jay Rubin (f. 10. mars 1963) fyller år.
Det er saktens ikkje mange som har sett spor etter seg like djupt og breitt: Om ein no har lytta til Beastie Boys eller Public Enemy, Metallica eller Slayer, The Strokes eller Aerosmith, Dixie Chicks eller Adele, eller set dei seine platene til Johnny Cash høgt, så vil ein alt kjenne til Rubin.
Kanskje ikkje rart at fyren har hatt auga opne for sjangerhybriditet – og i si tid var involvert i å kople Aerosmith med Run DMC? Slik kan ein halde fram. Glad i Tom Pettys Wildflowers (1994)? Rubin. Synest du Neil Youngs relativt ferske plate med Crazy Horse er ganske vital? Rubin. Då Paul McCartney i fjor dukka opp i ein TV-serie, var det Rubin som hadde fått oppgåva med å vere kompis og superfan.
Ikkje rart at skjeggebassen har fått eit slags skin av vismann over seg og står fram som ein av desse kreativitetsguruane så mange låner øyre til. Det kanskje tydelegaste teiknet på dette er boka som kom ut no i vinter, og som trass i det som er nemnt over, faktisk er heilt fri for namedropping.
The Creative Act byr på ein del indre motsetnader og ein og annan klisjé, skal ein tru Kitty Empire, den skarpe kritikaren i The Guardian, som likevel meinte teksten kunne by på mange nyttige råd: «I’ve underlined rather a lot.»
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.