Musikk

Arkivet: Frå Woodstock til Aurskog

Sist helg gjekk Tellfortell-festivalen i Aurskog-Høland av stabelen for femte gong.

Jesper Lindell med band.
Jesper Lindell med band.
Publisert

I hagen til Kari Meyer, dagleg leiar i Norsk Americana Forum, kunne ein høyre både Tønes, Mona Høvring og Onkel Tuka Trio. Historieforteljing i song og dikt, men musikken har forrang. Som då Bob Dylan, nobelprisvinnaren i litteratur, kalla seg sjølv ein «song and dance man».

Americana har lenge vore ein sjanger i USA, ofte brukt synonymt med «alternativ country», men kategorien femnar vidare og langt inn i blues, jazz, gospel, soul og rhythm & blues. Då det i år for fyrste gong blei delt ut Americana-Grammy i USA, gjekk prisen til bluesartisten Bonnie Raitt.

Sidan det årleg kjem ut mellom 50 og 100 plater i sjangeren her til lands, vart det også i 2023 delt ut ein norsk americanapris. Enno ikkje spellemannpris, men i regi av det nemnde forumet er prisen oppkalla etter den norske hesterasen fjording.

Svenske Jesper Lindell Band har fått eit stort americanapublikum i Noreg. Lindell syng som ein nordisk Van Morrison, og gruppa læt som The Band. Slik introduserte Lindell siste songen:

– Det er 1. juli i kveld. Det er 55 år sidan The Band gav ut Music From Big Pink. Plata har betydd alt for meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement