Musikk
Arkivet: Elizabeth Cotten
Gitarist og låtskrivar Elizabeth Cotten (1893–1987).
«Her sweet picking, her easy tone, her gentle spirit – her kindness made a way for Nina’s rebellion», skriv artisten Tift Merritt i ein klok liten stubb om Elizabeth Cotten (1893–1987) i ei utgåve av tidsskriftet The Oxford American vigd musikk frå delstaten North Carolina frå 2018.
Den venstrehendte Cotten spelte kassegitaren opp ned, og dermed bassen med fingrane og melodien med tommelen, ein spelestil som vart kjenneteiknet hennar, og som fekk tilnamnet «Cotten picking». For dei som har lytta til både Cotten og Nina Simone, går det an å skjøne kva Merritt snakkar om.
Teksten inngår i nummerets liner notes til ein CD som følgde med, som rommar «Holy Ghost, Unchain My Name». Eg leitte fram bladet frå hylla for litt sidan, då ein venn av meg løfta fram Cotten i ein samtale. Vi kom inn på alle dørene som opnar seg med ei plate som Go Dig My Grave, som også kom ut i 2018, for der hadde Susanna teke med ein versjon av «Freight Train». Slik er det med tolkingar, dei fører ein til atter andre tolkingar, til tradisjonar, til liner som strekkjer seg ut over tid, heilt tilbake til originalen, som ofte har forgreiningar i ei fortid, han også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.