Musikk

Arkivet: Dronning Bettye

Til skilnad frå svarte songarar flest voks ikkje Bettye opp med gospel.

Bettye LaVette kjem med eit nytt album.
Bettye LaVette kjem med eit nytt album.
Publisert

Bettye LaVette (77) vart fødd Betty Jo Haskins. Ho voks opp i Detroit, der foreldra hadde ope hus for omreisande musikarar og svarte arbeidarar frå bilfabrikkane. Menyen var heimebrend maiswhisky og kyllingsandwich og ein jukeboks stinn av 45-singlar. Her lærte Bettye å synge til The Five Royales, Dinah Washington og Red Foley.

Til skilnad frå svarte songarar flest voks ikkje Bettye opp med gospel. Ho studerte frasering og stemmeklang hos Sinatra og Sarah Vaughan og blei ein av soulmusikkens store tolkarar.

Det ferske albumet LaVette! har fått ovasjonsarta mottaking heile vegen frå Pitchfork og No Depression til Mojo. Med eit kanonlag i studio og trommis Steve Jordan som produsent tolkar ho songar av sørstatsveteranen og americanapioneren Randall Bramblett (77).

Betty Jo Haskins med artistnamnet LaVette var 16 år då ho fekk den første singelen sin, «My Man Is A Loving Man», inn på Billboard R&B Top 20. Gjennom 60-talet stod ho for fleire av dei beste soulsinglane frå heile tiåret. I 1972 skulle den første LP-en hennar, Child of the Seventies, ut på Atlantic, men albumet kom ikkje ut før på 2000-talet.

I 2005 gjorde ho endeleg comeback med albumet I’ve Got My Own Hell To Raise. LaVette! er det åttande i rekkja sidan den gongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement