Musikk
Arkivet: Det beste i livet er ikkje gratis
Pengane og livet, illustrert av Sven T. Uhrman / Retrograph for Bear Family Records. Kjelde:
Pengar er kanskje rota til alt vondt, men dei er kjekke å ha. På Bear Family-CD-en Headin’ for the Poorhouse kan du høyre tretti heftige pengesongar innanfor blues, country, pop, rock‘n’roll og rhythm & blues frå perioden 1948 til 1967. I heftet som følgjer CD-en, er orakelet Bill Dahl tidsreiseguide til låtar og artistar, med god hjelp av foto og anna illustrasjonsmateriale.
Bortsett frå eit par ikoniske songar vil eg tru det meste på CD-en byr på overraskingar for alle utanom dei mest ihuga musikknerdane. Carl Perkins er kjend for «Blue Suede Shoes» og ein handfull rockabillyklassikarar som The Beatles spelte inn, men her er han i storform med countryballaden «Poor Boy Blues» frå 1967. Det gjeld også tittelsporet, som er ein actionfylt doowoplåt med The Silhouettes anno 1958.
Dei ikoniske songane er «Money Honey» (Clyde McPhatter) og «Money (That’s What I Want)» (Barrett Strong) pluss coverversjonane til Elvis Presley og The Miracles.
Designet på både CD og hefte har teikneseriehumor frå depresjonstida og framleis levande hos Barrett Strong:
«Your love give me such a thrill/ But your love don’t pay my bills.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.