Musikk
Arkivet: Barry Adamson
Eg hugsar ikkje heilt korleis eg snubla over Oedipus Schmoedipus (1995), men kanskje var det fordi Barry Adamson var ein av dei som var med på å stifte Bad Seeds i 1984, at eg tenkte eg skulle sjekke ut soloalbumet? Og så hjelpte det nok at Nick Cave gjesta på plata, saman med Jarvis Cocker (Pulp). Adamson måtte vere ein mann å følgje med på.
Albumet fann raskt vegen til stereoanlegget i studentkollektivet eg budde i, og vart lydspor på mang ein fest – Adamson viste seg å vere leverandør av ein eigen svært så kule, men komplekse variant av det mange har referert til som ein jazza pop noir (sjekk til dømes ut låten «Miles», ei openberr Miles Davis-hyllest).
Seinare fann eg Moss Side Story (1989) på vinyl i ei bruktsjappe – Adamson vaks opp i bydelen Moss Side i Manchester, og debutalbumet, eit fantasert lydspor til ein film som ikkje finst, var like så tøft som Oedipus Schmoedipus, ikkje minst då Diamanda Galás dukka opp på plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.