Musikk
Arkivet: Ahmad Jamal
Ahmad Jamal med band på jazzfestivalen i Bern for nokre år sidan.
Foto: Lukas Lehmann / AP / NTB
Gamle konsertopptak kan ta oss med rett inn i ein kveld og eit rom som høyrer fortida til, og er derfor mellom mine favorittidsmaskiner. For nokre veker sidan gjekk reisa til konsertane Ahmad Jamal (f. 1930) hadde i klubben The Penthouse i Seattle på 1960-talet, fanga i to bind på utgivingane Emerald City Nights: Live at The Penthouse, frå 1963–1964 og 1965–1966, som har fått strålande omtalar over heile fjøla.
Jamal sjølv har oversyn over utgivingane, som er optimaliserte med omsyn til lydkvalitet og kjem i boksar med fotografi, musikkessaystikk og ulike intervju. Jamil Nasser er med på bass på begge binda, og det same er Chuck Lampkin på trommer. I tillegg er Richard Evans med på bass på første bindet, og Vernel Fournier og Frank Gant på trommer på bind to.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.