Musikk
Arkivet: a-ha ser tilbake
Morten Harket, Magne Furuholmen og Pål Waaktaar klar for avgang frå Fornebu i 1985.
NTB arkivfoto
Mitt første møte med a-ha var nok då eg som tolvåring såg dei ein laurdagskveld på NRK, der Rita Westvik introduserte bandet for det norske folket i programmet Lørdagssirkuset. Det skjedde hausten 1984, og Morten Harket, Paal Waaktaar og Magne Furuholmen stod sjarmerande keitete på terskelen til alt som skulle skje. Førsteplata hadde dei alt arbeidd med ei god stund, men no vart dei lanserte globalt med brask og bram.
Det har vore mange høve til å sjå seg tilbake med a-ha dei siste åra, ikkje minst med filmen a-ha: the Movie som kom for eit par år sidan, og i dag kjem det nok ein godbit, særleg for hardcorefansen vil eg tru: Debutalbumet Hunting High and Low (1985) vert nemleg feira med ein gigantisk boks, med demoar, alternative versjonar, hefte og så bortetter: Det vert kasta lys på kvart hjørne og kvar krok.
Særleg på dei par platene som tek føre seg demoar frå tidsrommet 1982–1984 er det artige godbitar og kuriositetar, med pussige songar som «Dot The I», og ei fin lita sak med tittelen «Go To Sleep», for å nemne noko. Produksjonen er uferdig, og ting er skisseaktige, men det ein høyrer, peikar likevel fram mot det som skulle kome.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.