Musikk
Arkivet: 21st Century Juke Joint Blues
R.L. Boyce døydde 9. november, 68 år gammal.
Pressefoto
Ikkje før er Dan Auerbachs antologiplate Tell Everybody! ute til ovasjonsarta mottaking, så døyr ein av bidragsytarane, R.L. Boyce, i heimbyen Como i Mississippi, der han kom til verda for 68 år sidan. Knøttlitle Como er episenteret for det som er blitt kjent som North Mississippi Hill Country Blues, bluestradisjonen som er oppkalla etter det bølgjande skog- og bakkelandskapet med små plantasjar og sjølvbergingsgardar søraust for Memphis i Tennessee.
R.L. Boyce var nummer seks i ein ungeflokk på 13. Ingen av foreldra var musikarar, men dei arrangerte samkomer i helgene der den lokale slidegitaristen Fred McDowell (1904–1972) var husven og sosialt midtpunkt. The Rolling Stones krediterte McDowell for innspelinga deira av gospelbluesen «You Got To Move» på albumet Sticky Fingers.
Som gutunge spelte R.L. Boyce skarp- og basstromme for onkelen Othar Turner i Rising Fife And Drums Band, som spelte ein rytmesterk blanding av blues og ringleikar til piknik og festopptog. I tjueåra lærte Boyce gitarspel av R.L. Burnside og låta «Coal Black Mattie», som opnar Tell Everybody!. Dette var musikken Dan Auerbach og trommekompisen Patrick Carney i Black Keys spelte før dei blei eit av USAs største rockeband. Dei spelar også på plata, som dei har gitt undertittelen 21st Century Juke Joint Blues.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.