Bok

Arild Rein skriv og Geir Egil Bergjord fotograferer frå ei natt utan von om dag.

Sjølv om det er nattbilete Bergjord syner fram, er det alltid lyset som vekkjer interesse, skriv Odd W. Surén.
Sjølv om det er nattbilete Bergjord syner fram, er det alltid lyset som vekkjer interesse, skriv Odd W. Surén.
Publisert Sist oppdatert

Når ein får i hende ei tjukk og tung bok der brorparten av sidene er fotografi, og der teksten er presentert som strofer med ujamn høgremarg, tenkjer ein gjerne at ein har med eit praktverk å gjera, ei lyrisk reise i tekst og bilete, men der tek ein grundig feil.

Teksten i boka Vegen heim til Svartskog kunne like gjerne ha stått som prosa, og både den og bileta er frå nattsida av eksistensen. Boka er først og fremst ein lang og rasande monolog av ein fjorten år gamal gut som så å seia er fødd på skråplanet, og alle bileta er frå urbane strok om natta.

Med tjuvgods i bilen

I boka har den namnlause guten og broren Billy køyrt gjennom Stavanger med ein bil full av stolne syklar og påhengsmotorar, og etter ein kollisjon spring dei kvar sin veg. Guten tek seg heim til eit elendig krypinn dei to har saman, han sender tekstmeldingar til Billy, men får ikkje svar, og teksten vidare er ein jeremiade der han informerer lesaren om slikt som han og Billy veit frå før.

Dei har levd litt her og der, faren var tidleg over alle haugar, medan mor deira hamna i eit husvære på Mannsverk i Bergen. Ho gjer ikkje stort anna enn å drikka vodka. Det kom ein stefar inn i biletet, ein som Billy banka opp etter at han fann ut at mannen hadde forgripe seg på broren. I monologen vert han kalla både pedo og pervo, og ikkje nok med det, han var endåtil feit. Ja, då veit ein at botnen er nådd når det gjeld menneskeverd!

Ei kort stund har dei to gutane, på flukt etter det særs valdelege oppgjeret med stefaren, levd på Austlandet, i Svartskog i Nordre Follo. Guten ser på tida der som noko lyst og lokkande, noko han vil attende til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement