Musikk
Antikapitalistisk estetikk
Roraima er eit vakkert og tankevekkjande oppgjer med vekstfilosofien i kapitalismen.
Tingingsverket som vart framført på musikkfestivalen Oslo World i oktober 2020, er no kome ut som album.
Foto: Sigurdhole.no
Ingen lagar CD-ar som Sigurd Hole. Då er det ikkje berre tale om musikken. Både den doble Lys/mørke frå 2020 og årets Roraima inneheld på kvart sitt vis ikkje berre spanande musikk, men omslaga er så til minste detalj gjennomarbeidde og gjev platene ein tilleggsdimensjon som ein saknar hjå det store fleirtalet av utgjevingar.
Roraima er eit tingingsverk til Oslo World 2020, og premieren var i Kulturkirken Jakob 29. oktober. Musikken på plata er henta frå denne konserten. Verket har fått tittel etter platåfjellet som ligg i grenseområdet mellom Brasil, Guyana og Venezuela, men musikken prøver på stillfarande vis å vekkja oss og opna augo våre for den økologiske katastrofen som er i ferd med å skje i det skogkledde slettelandet nedanfor fjellet – spesielt på brasiliansk side.
Hole siterer David Bowie i omslagsheftet: «Tomorrow belongs to those who can hear it coming.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.