Kunst
Åndsverk
Illustrasjon: «A Rake's Progress», Plate 7, June 25, 1735
Den engelske målaren og grafikaren William Hogarth (1697–1764) er kjend for ramsalte, satiriske framstillingar av borgarskapet. Han har vore ei rik inspirasjonskjelde for karikaturteikningar gjennom fleire hundreår og er framleis like aktuell.
Han laga fleire seriar med måleri, som bilde for bilde fortel korleis umoralske menneske i enden får svi for ugjerningane sine. Han laga også graveringar av bilda. Desse vart trykte i store opplag og selde rimeleg. Dei populære grafiske blada burde vore ei viktig inntektskjelde. Problemet var at andre kunstnarar lurte seg til å kopiere måleria og selje trykka. I ei årrekke kjempa Hogarth for ei lov som skulle verne åndsverk.
Klok av skade løynde han den siste måleriserien sin, «A Rake’s Progress». Serien handla om ein ung mann som arvar pengar, gjer det slutt med den gravide kvinna han er trulova med, og kastar seg ut i eit overdådig levesett med prostituerte og gambling. Til slutt vert han kasta i fengsel, deretter endar han dagane på sinnssjukehus. Hogarth måla serien i åra 1732–34 og laga deretter graveringar klare for å seljast den dagen lovendringa kom på plass.
I 1935 kom «The Engraving Copyright Act of 1735 as protection for writers and artists», også kalla «The Hogarth Act». Med lova var arbeida til engelske bildekunstnarar verna, slik at andre ikkje kunne kopiere verka deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.