Andreas Martinus FeragenKva ville han med livet?Andreas Martinus Feragen (1818–1912) var den fremste blant folkeskolelærarane i Noreg på 1800-talet, sett på som eit stort ideal av andre lærarar. 21. juli i år var det 200 år sidan han blei fødd i ein arbeid

Andreas Martinus Feragen (1818–1912).
Andreas Martinus Feragen (1818–1912).Andreas Martinus Feragen (1818–1912).
Publisert

Andreas Martinus Feragen (1818–1912) var den fremste blant folkeskolelærarane i Noreg på 1800-talet, sett på som eit stort ideal av andre lærarar. 21. juli i år var det 200 år sidan han blei fødd i ein arbeidarfamilie i Trondheim. Han blei uteksaminert frå Holt seminar ved Tvedestrand i 1843 med best mogleg karakter. Kong Oscar II gav han seinare heidersnamnet «Skolemesternes konge», og han fekk St. Olav for arbeidet sitt i og for folkeskolen. Han var lærar i nesten 70 år, av dei 66 i Holt. Han var òg kyrkjesongar i Holt like lenge, og i over 40 år også i Tvedestrand. Han publiserte bøker og artiklar om skole og pedagogikk i over 50 år og gjekk av frå stillinga si 93 år gammal. Hovudarrangementet i jubileumsåret var 21.–22. juli i Tvedestrand og Holt.

Kva såg han på som den viktigaste oppgåva til skolen?

Tilhøvet mellom heim og skole hadde alltid hovudfokus hos han. Den viktigaste pedagogikkboka hans var Hjem og Skole (1875). Foreldra hadde hovudansvaret for (den kristne) oppsedinga av barnet – til å bli eit godt menneske. Læraren skulle støtte dei i oppsedinga, men hadde som viktigaste oppgåva å gi elevane dei kunnskapane, teoretisk og praktisk, som dei turvte for å kunne leva eit godt liv. Feragen fekk i stand det første skolebiblioteket i landet (1856) og arbeidde tidleg for praktiske fag som handarbeid, sløyd, hagekunnskap og gymnastikk. Så langt vi veit, var han den første gymlæraren i Noreg.

Kva stridde han for?

Han kjempa frå første stund for ein betre skole fagleg og materielt. Da han gjekk av som lærar 1. januar 1912, hadde han meir enn nokon annan verka internt i skolen og blant lærarane til at landet no stod fram med eit moderne og godt skolevesen.

Kva innverknad hadde han på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement