Andenaud i augeopnarSkodespelaren Tuva Novotny debuterer med regi på ein knalltøff film der Pia Tjelta er mektig god.

Skodespelaren Tuva Novotny debuterer med regi på ein knalltøff film der Pia Tjelta er mektig god.

Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra i filmen der Anders Baasmo Christiansen og Pia Tjelta har hovudrollene.
Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra i filmen der Anders Baasmo Christiansen og Pia Tjelta har hovudrollene.Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra i filmen der Anders Baasmo Christiansen og Pia Tjelta har hovudrollene.
Publisert

Drama

Ei handballtrening tar slutt, og to venninner ruslar sakte heim. Den stutte vegen tek lang tid med keitete tenåringsprat. Når Thea kjem heim, skal mora Maria (Tjelta) til å legge veslebroren. Thea tar ei brødskive og ein kjapp telefon til faren (Christiansen) før ho skriv noko i ei bok. Så snur alt.

Sjukt spel

Rykta om at Pia Tjelta gjer ein kraftprestasjon i rolla som Maria, er slett ikkje overdrivne. Ho er rå. I eit intervju om filmen sa ho at «ein kan jo ikkje spela driden». Sanneleg ser det ut som om ho lever gjennom sjokket sjølv. Når Maria gløymer å pusta, gløymer eg å pusta. Påkjenninga for pårørande trenger seg inn i Tjelta og kinopublikummet.

Det norske helsevesenet har mange heltar. Ære vere velferdsstaten. Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra. Psykisk helse og blindsonene frå filmtittelen er eit bakteppe for det overveldande og estetisk spartanske dramaet. Hit vil regissøren sende samtalen.

Dristig debut

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement