Åndeleg atterreising no!Det er parti i boka der ein verkeleg hikstar av fryd – går det an å vera så frekk mot det prektige norske åndslivet?
Det er parti i boka der ein verkeleg hikstar av fryd – går det an å vera så frekk mot det prektige norske åndslivet?
Jens Bjørneboe starta som helten til Skagen, men enda som ein revolusjonsromantikar.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix
Å atterreisa det åndelege, det er det Kaj Skagen vil. Å finna att det metafysiske, leita opp det religiøse, setja på plass det gløymde i tradisjonen vår frå Hans Nielsen Hauge til André Bjerke slik at alle kan peika på han og seia: Her er den åndelege dimensjonen i norsk åndsliv – den kristne så vel som den antroposofiske – som har hatt så mykje å seia, men som vi har vanskar med å sjå i dag.
Sympatisk, spør du meg. Og ikkje berre fordi han har vore forteia så lenge, den metafysiske dimensjonen, men fordi kulturen i fortida vert fattig og uforståeleg om vi ikkje får med dei åndelege forfattarane og filosofane, kulturpersonane og debattantane, kort sagt dei som ser oss andre frå høgare sfærar.
Skubba til side
Kva er då årsaka til forteiinga som gjer boka til Kaj Skagen så naudsynt og riktig no?
Det kan koma av at andre åndsretningar har vore så dominerande at dei har skubba tradisjonalistar og kristne til side. Sidan Bjørnson forkasta trua hausten 1877, har kristendomen verka litt komisk i norsk samanheng. Alle har då visst kva ein kunne venta av pastor Manders: åndeleg hjelp til å skjøna at moderniteten ikkje kjem frå den kanten. I staden har ein måtta venda seg til kulturradikalismen, til tradisjonen frå Georg Brandes, frå Dei fire store, frå Mot Dag og Pax – erklærte fiendar av reaksjonen. Slik har tradisjonalisme og kristentru kome i skuggen i Noreg.
Men er det òg noko med det åndelege sjølv? Det har ikkje alltid vore på høgda, kan henda. Til fånyttes venta ein i 1920-åra på opprop frå biskopane mot arbeidsløysa. Kvar var dei åndelege i fronten mot fascismen i 1930-åra, åtvaringar mot atombomba frå dei kristne? Blaffet av kyrkjeleg motstand under krigen har ikkje vore nok til å hevda den kristne tradisjonen i det lange løp. Og vegen mot aust for dei kulturradikale etter 1968 – mot Sovjet, Kina, den tredje verda – har gått utan nemneverdig deltaking, kritisk eller på anna vis, frå dei åndelege sjølve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.