Bok
Ånd og materie
Hans Petter Blad er på sporet av Thure Erik Lund, men sporet forsvinn.
Hans Petter Blad skriv om forfattarkollega Thure Erik Lund i den nye romanen.Hans Petter Blad skriv om forfattarkollega Thure Erik Lund i den nye romanen.
Foto: Katharina Barbosa BladFoto: Katharina Barbosa Blad
Roman
Det er i år tretti år sidan Thure Erik Lund debuterte med romanen Tanger, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. No er han sjølv omdreiingspunktet i ein roman skriven av vennen Hans Petter Blad, der Blad prøver å forstå, forklare og forsvare det uforklarlege i Lunds litterære univers, som strekkjer seg frå det agrare, folkelege og lokale til det urbane, høgteknologiske og digitale i ei tenkt framtid. Denne splittinga eller Schizothemia er det Blad jaktar på.
Det litterære vennskapet går tilbake til 1980-talet, da dei fann kvarandre gjennom ei felles interesse for film, biletkunst og litteratur. I lange og vidløftige samtalar på ulike adresser i Oslo, på reiser i Europa, på bilturar i Modum-traktene og på småbruket på Aust-Modum sirklar dei inn «det romanmessige» og det uforklarlege i at «noe utenfor ham selv har skrevet bøkene hans». Da nærmar ein seg det religiøse og det mystiske, og Lund seier også ved eit høve at «hadde du vært født for tre hundre år siden, hadde du vært prest».
Sjølvlærte
Men å vere prest krev utdanning, og verken Lund eller Blad har formell akademisk utdanning, «akademia syntes knapt som en farbar vei»; begge er sjølvlærte og svært lærde med vide kunnskapar innanfor ulike fagfelt der ein kvar akademikar kan bli stilt til veggs.
Lunds (og Blads) skepsis til den skolerte, akademiske kritikarstanden enda i offentleg krangel da Eivind Tjønneland i ei melding av essaysamlinga Om naturen (2000) sette nazistempelet på Thure Erik Lund. Dette har vore ei belastning i ettertida og kan kanskje vere ein underliggjande grunn til at Lund aldri har vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Nok om det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.